Årsrapport: Årboka 2009
Årboka 2009 er nr. 35 i den lange rekka av årbøker som fra starten i 1975 har dryssa ut fra skiftande redaktørar og årbokkomitear her i Nord-Troms, alltid med solid grunnlagsmateriale fra flittige skribentar og fotografar. Det virkar som at årboka har funne ei form og eit innhold som kan interessere folk, slik at dei stiller opp som kjøparar år etter år. Stoff har heller ikkje mangla, det kjem i skiftande mengder, riktignok, fra dei ulike kommunane, så der har redaksjonen ein viktig og ofte krevande jobb med å prøve å få til ei rettferdig fordeling av sidetallet mellom dei 6 kommunane våre. Og plassen vil nok bli noe trangare i neste årbok, som naturlig nok vil bli prega av jubileumsmarkering for både historielaget, museet og årboka, alle tre store og viktige tiltak i Nord-Troms-historia.
Arbeidet med årbok 2009 gikk rimelig greitt. Største vansken var å finne fram til namnet på avsendaren der skribenten sjølv hadde glømt å sette på det. I eitt tilfelle måtte eg gi tapt: Eg veit enno ikkje kven det er som har skrive om han Ol`Nilsa. Noen få artiklar var så lange at dei måtte tilbake til forfattaren for å bli korta ned. Noe stoff fra årbok 2008 var blitt liggande igjen på trykkeriet og fikk no vere med på ny vurdering. Og fra Baaski-festivalen dukka det opp eit staselig kvendraktfoto, som denne gangen fikk pryde forsida.
Vi har jo fått den gledelige tilbakemeldinga fra fleire kantar at årboka har selt godt. Historielaget sitt årboklager var jo tømt allereie tidlig i januar. Vi får håpe at komitemedlemmane har fått noen reaksjonar fra folk i kommunane sine, slik at vi kan lære av det, lære av både positive og negative kommentarar som måtte ha kommen. Akkurat no er vel honorarane under behandling hos DM-Consult av vår gode reknemeister Ruth Seljeskog.
Så skal eg til slutt få takke for tilliten med at eg fikk tildelt redaktøransvaret. Eg huska fra før at dette var eit interessant arbeid, men eg hadde vel meir glømt av kor arbeidskrevjande det eigentlig er. Men det er jo eit svært viktig tiltak for heile Nord-Troms-samfunnet.
Med beste helsing til årsmøtet!
Reidun Mellem
|